Afghanistan - Vestens nederlag del 1 og 2
Dokumentarserie i 2 deler
Den britiske hæren kom til Helmand i Afghanistan for åtte år sidan. Den gongen var dei trygge på at dei kunne sørge for fred, overvinne Taliban og byggje opp att den utarma provinsen. No trekker dei seg tilbake, etter å ha mist 453 av sine eigne. Korleis gjekk britane fram for å avslutte engasjementet sitt i konflikten, kva oppnådde dei, og kjem dei nokon gong til å ville kjempe utanfor heimlandet igjen? (Afghanistan: The Lion's Last Roar)