Vis meny
Alle nedlastbare

MANNEN SOM OPPDAGA NORGE

06.01.2015  |  39 min  |  NRK1



 
Mannen som oppdaga Norge (ttv)

Oddgeir Bruaset har teke oss med heim til menneske som lever livet sitt på stader der "Ingen skulle tru at nokon kunne bu". Men om seg sjølv har han fortalt lite. Så kven er han, denne mannen som oppdaga det landet me ikkje hadde sett før?

I dette programmet får vi bli med han på reiser sommar og vinter, der han opplever både spanande og nifse situasjonar når han skal ta seg fram til opptak på veglause gardar. Vi får eit innblikk i kva programskaparen sjølv har ønskt med programserien, og om korleis livet bak kamera fortonar seg. Bruaset har heile tida hatt ein tanke bak, og ein plan. Ikkje minst gjeld det kva slags menneskje han vil la sjåaren møte.

Han tek oss med til den einslege garden Skageflå ved Storfjorden og til Austefjorden i Volda. Det var her ideen om "Der ingen skulle tru"-serien starta. Han merka at han fekk enorm respons på historier frå gardar der folket levde som dei hadde gjort i mange generasjonar.

Han skjøna at dette stoffet kunne det bli godt fjernsyn av. Og 76 program har det blitt, der han har fortalt om umenneskeleg slit, om einsemd, og om korleis folk kunne greie seg med små midlar. Men og korleis folk er fylte av kjærleik til og stoltheit over staden der dei bur. 

Gjennom denne serien er Bruaset blitt ein av vår tids store forteljarar og har teke oss med til eit Norge vi ikkje hadde sett før.

Serie

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Anbefalt for klassetrinn

5-13

Fag

Naturgeografi, RLE Religion Livssyn og Etikk, Samfunnsfag

Utlånsnummer

A1450

Tilgjengelig som

› Nedlasting

Lån / kjøp via mobil er dessverre ikke mulig. Vennligst logg inn via vanlig nettleser.