Tysk doku-drama. (1913 - The Kaiser's Last Dance)
Då kronprins Ernst August kom for å fri til den prøyssiske prinsessa Viktoria Luise, spreidde det seg ein bryllaupsfeber over Europa.
Dette skjedde i ei tid som var prega av intense politiske konfliktar. Det var krig på Balkan, og dei militære konfliktane mellom Russland og Austerrike-Ungarn kom snart til å involvere Tyskland, Storbritannia og Frankrike.
Kongehusa ville demonstrere at dei hadde tette familieband, og at dei ønskte å styrke freden. Men snart blei det klart at også dei kongelege var i fare.
Dokumentaren er sett saman av animerte illustrasjonar og dokumentariske filmklipp.
dans.