Vis meny
Alle nedlastbare

LONDON - BYEN MED BRUENE

14.06.2014  |  59 min  |  NRK2



London - byen med bruene (t)

Britisk dokumentar. (The Bridges That Built London, with Dan Cruickshank)

Dan Cruickshank utforskar bruene som gjør London til det den er. 
Han finn ut kvifor London Bridge fall ned, han finn relikviar frå bronsealderen på Vauxhall strand og lik som flyt under Waterloo Bridge. 
Og ikkje minst oppdagar han kor ærgjerrige brubyggarane er. 

30 bruer kryssar Themsen mellom Richmond og Nordsjøen.
Dei fraktar folk over ei 56 km lang elv og fører åtte millionar menneske saman.
Desse spesielle byggverka har skapt London, den flottaste byen i Europa.

Millionar menneske kryssar bruene kvar veke.
Dei fleste tenker ikkje over det, men bruene er mykje meir enn transportmiddel, måtar å kome seg frå ein stad til ein annan på.
Dei er bindeledd mellom notid og fortid. Bruene er ikkje berre funksjonelle objekt, men symbol, metaforar: Dei formar om, bind saman, inspirerer.

Dei fortel historier om leivningar frå bronsealderen, om kvifor London Bridge kollapsa.
Om lik under Waterloo Bridge.

Og ikkje minst om dei storslåtte ambisjonane til Londons brubyggarar


Trailer:

Serie

Dokumentar

Anbefalt for klassetrinn

8-13

Fag

Geografi, Samfunnsfag

Utlånsnummer

A1402

Nøkkelord

london, storbritannia, england, bruer, dan cruickshank, brubygging

Tilgjengelig som

› Nedlasting

Lån / kjøp via mobil er dessverre ikke mulig. Vennligst logg inn via vanlig nettleser.