- Vi valgte å lage en fengende Grunnlovs-rap som kunne komme skoleverk og nordmenn generelt til glede og nytte i årevis fremover, sier produsent Torgrim Grimstad i NRK Super. I løpet av de tre minuttene får man en god innføring i bakgrunnen for grunnloven og hva som foregikk på Eidsvoll frem mot 17. mai i 1814.
NRK Underhaldning bestemte straks at den skulle takast med i Grunnlovsshowet frå Eidsvoll på kvelden 17. mai. Den er også nytta i NRK si promotering av jubileet.
Fakta:
Mandag var vokalist Johanne Holmedahl frå Aurskog Høland sprudlande gjest hjå "Jacobsen" på NRK P1+, i "Nitimen" på NRK P1 og i ein stor repotasje same kveld på "Dagsrevyen".
Dansarane er lokale born frå Eidsvoll ballettsenter.
Songen heiter "Til Dovre faller".
Tekst: Hanne Vennemo/Lars Bleiklie Devig
Melodi/Produksjon: Lars Bleiklie Devig/Johannes Groth (PhatCat Studios)
Regi: Torgrim Grimstad.
Devig/Groth er valde fordi dei har laga alle humorhitane til "Ylvis" (bortsett frå TheFox).