Vis meny
Alle nedlastbare

LEVE LIVET - HEILE LIVET

03.04.2013  |  39 min  |  NRK1

96 år - og i hundre!
- Vi har så kort tid her på jorda. Eg vil gjerne leve livet, heile livet, seier 96 år gamle Nikka Myren Grønning i Valldal på Sunnmøre.
I høg alder, men med stor virkelyst, skapar ho seg ein meiningsfylt kvardag. Det er i kjøkkenet på garden Myra ho utfaldar seg til stor glede for mange. Der bakar ho på bestilling til folk i vid omkrins. Dei treng festmat til høgtider, bryllaup, konfirmasjonar og andre høgtider.
Fleire tusen lefser, flatbrød og den lokale flatebakelsen kjem frå hennar hand kvart einaste år. 96-åringen ser også som si store oppgåve å lære opp dei yngre i bakekunsten.

Ut i skogen
Nikka likar seg i skog og mark, og vil også gjerne prøve å kome seg i bærskogen. For over 70 år sidan var ho anleggskokke då bilvegen over turistmålet Trollstigen blei bygd. Nikka tek oss med tilbake dit. Vi møter henne både på messe, i butikken og er med på besøk til omsorgssenteret.
Styrke til ein aktiv kvardag hentar ho i kjeldevatnet der Heilag Olav og hans menn slo leir for snart 1000 år sidan. Gjennom ein aktiv kvardag med mykje latter og glede, viser ho at livet kan ha mykje å by på også for den som oppnår høg alder.

- Eg elskar livet og har ikkje noko ønske om å forlate verda, seier Nikka, som drøymer om å leve til ho blir 110 år.

Serie

Folk

Anbefalt for klassetrinn

5-13

Fag

Mat og helse, Norsk, Samfunnsfag

Utlånsnummer

A1122

Nøkkelord

livslyst livskvalitet virkelyst bakekunst, dokumentar, landskap, matkultur, mattradisjoner, småbruk, norsk historie

Tilgjengelig som

› Nedlasting

Lån / kjøp via mobil er dessverre ikke mulig. Vennligst logg inn via vanlig nettleser.